naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurer på om de har lyst til å lage våtmark?

De kan til dømes lage våtmarka i ein flat plastboks eller i ei langpanne. De treng berre sand frå sandkassa, ei flaske vatn og litt gras.
Kanskje de òg har noko som kan likne på dyra som lever der? Til dømes børstemarkar og skjel som gøymer seg i søla, og fuglar som et dei med lange, spisse nebb? Kanskje kjem det ein augestikkar på jakt etter mygg? Eller ei flaggermus på jakt etter insekt?

Slik kan det gjerast:
1. Set boksen litt på skrå.
2. Kvart av borna hentar ein neve med sand som dei legg på den øvste halvdelen av boksen.
3. Tøm vatn på den nedre delen av boksen. No har de laga ei våtmark.
4. Deretter kan borna hente litt gras som dei legg øvst i boksen. No kan de pynte våtmarka, gjerne med blomar og kongler.
5. Borna kan òg foreslå kva dyr som lever i vårmarka, og dei kan finne noko som liknar på dyret og sette det oppi.

naturoppdrag bilde
naturoppdrag bilde

Tips til dei vaksne:
Borna kan gjerne lage ulike typar våtmarker: Elvar, bekkar, innsjøar, dammar, myrer og fjøre. Våtmark er òg saltvatn heilt ned til 6 meters djupne. Sjå Våtmarksatlaset for inspirasjon. 

I våtmarka yrer det av liv. Mange artar trivst i våtmarka fordi det er mykje mat å finne her, og fordi området er så variert.

Fleire oppdrag om Våtmark

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: