naturoppdrag bilde
Kåre Kråke elskar å sitje oppe i tre for å sjå kva som skjer rundt han. Han har favoritt-tre som han besøker ofte, og han lurer på om de vil bli betre kjende med eit tre, de òg?

Gå tur og finn eit tre de vil følgje gjennom eit heilt år. Vel helst eit lauvtre, for bartre endrar seg ikkje så mykje gjennom årstidene. Finn ut kva art treet er. Gje gjerne treet dykkar eit namn, og hugs å gje det ein god klem når de kjem på besøk. Har treet endra seg frå sist gong de var der? Ser de dyreliv i nærleiken? Småkryp, fuglar, eller spor og teikn etter dei?

Kåre Kråke har i tillegg laga nokre spørsmål som de kan svare på i løpet av dei ulike årstidene:

Haust (september-november): Har treet byrja å endre farge på blada, eller har det mista dei? Kor høgt er treet? Kva er omkrinsen på stammen?
Vinter (desember-februar): Sjå nærmare på barken til treet, er han glatt eller grov? Kva farge har han? Kor mange greiner har treet?
Vår (mars-mai): Har treet dykkar byrja å få blad? Besøk gjerne treet litt oftare i denne perioden, slik at de kan få med dykk når blada sprett ut.
Tips til dei vaksne:
De kan gjerne velje eit tre som står på uteområdet ved barnehagen, eller de kan gå litt lenger bort. Hugs at treet skal besøkast gjennom heile året, så det må vere tilgjengeleg på vinteren òg. De kan merke treet de har valt ut, men pass på at det ikkje vert skadd.

Dersom de tek bilete av treet ved kvart besøk, kan de samanlikne og sjå korleis treet endrar seg. De kan òg lage ein plakat eller ei utstilling om treet dykkar på slutten av året, på grunnlag av det borna har laga og observert.

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: