Kåre Kråke

Eg heiter Kåre Kråke, og eg gleder meg til å løyse naturoppdraga saman med dykk!

Eg bur i skogen og elskar å flyge rundt og lage morosame kråkelydar. Kan du lage kråkelydar, du òg?

Visste du at vi kråker er ein av dei smartaste fuglane i verda? Vi kan bruke reiskapar som pinnar eller stein for å få tak i mat. Dessutan er vi svært nysgjerrige på alt det rare som finst i naturen.

Blir du med og utforskar? Då skal du få mange spennande oppdrag av meg!

Lykke til!

Hei Kåre Kråke
Hva spiser Kåre Kråke

Kråkefakta

Kråker er svarte og grå fuglar med skarpe nebb og lange halar. Dei er veldig smarte og likar å samarbeide for å finne mat. Kråker finst over heile verda, også i Noreg. Dei trivst godt i både skogen og byane, og du kan ofte sjå dei i parkar og på dyrka mark.

Kråker er altetande, og det betyr at dei et både planter og dyr. Dei likar å ete frukt, nøtter, insekt, og små levande, eller døde, pattedyr. Til og med matrestar frå søppelkasser synest dei er godt! Nokre kråker har også lært seg å bruke verktøy for å få tak i maten sin.

Kråkesong har du sikkert høyrt før: kraa-kraa, seier dei når dei flyg rundt. Dei lagar òg ulike lydar for å kommunisere med kvarandre, som å varsle om farar, eller markere territoriet sitt. Har de lagt merke til at dei fleste fuglar hoppar på bakken medan kråka går?

Sjølv om mange menneske synest kråker kan vere litt plagsame, er dei eigentleg svært nyttige for naturen. Neste gong du ser ei kråke som flyg forbi, kan du seie «hei» og takke ho for at ho hjelper til. Kva hjelper ho til med, trur du?

PSSST! Veit du kva kråke heiter på….

  • Nordsamisk: Garjá
  • Sørsamisk: Voerhtje
  • Engelsk: Crow
  • Finsk: Varis
  • Tysk: Krähe
  • Ukrainsk: ворона (vorona)
  • Svensk: Kråka

Vil du fargeleggje Kåre Kråke?

Ta fram fargeblyantane og fargelegg Kåre Kråke. Her finn du to versjonar som du kan laste ned og skrive ut.

Kåre Kråke fargelegging (.pdf)

Hva sier Kåre Kråke?
Kåre Kråke Strikker

Kåre Kråke strikkeoppskrift

Lag dykkar heilt eiga Kåre Kråke, som kan bli med ut på tur! Vi har laga ei strikkeoppskrift på Kåre Kråke som handdokke. Last ned oppskrifta, finn nokon som kan å strikke, eit par strikkepinnar og litt restegarn, og så kan du setje i gong!

Kåre Kråke strikkeoppskrift (.pdf)

Kåre Kråke syoppskrift

Likar du betre å sy? Her kan du laste ned ei syoppskrift på vår Kåre Kråke som ein bamse. Bamsen kan du sy for hand, eller med symaskin.

Vi håper Kåre Kråke får det kjekt i barnehagen dykkar. Lykke til!

Kåre Kråke syoppskrift (.pdf)

Kåre Kråke Syr

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: