Om Naturoppdraget

I Naturoppdraget får barnehageborn oppleve naturglede i nærmiljøet sitt. Born og vaksne går på tur saman og utforskar, oppdagar, sansar, leikar og lagar ting gjennom oppdrag og aktivitetar i nærnaturen.

Det er Kåre Kråke som gir oppdrag til borna. Han er ein nysgjerrig og kunnskapshungrig fugl som gir borna oppgåver og stiller mange undrande spørsmål.

Kan de hjelpe Kåre Kråke med å finne svar saman?

Målgruppa for Naturoppdraget er barnehageborn 2-6 år. Oppdraga krev ikkje store førebuingar, verken pedagogisk eller utstyrsmessig. Vegleiinga til oppdraga er så enkel at også ein vikar skal kunne setje seg inn i opplegget på kort tid. Naturoppdraget dekkjer mange av områda i Rammeplan for barnehagen.

Kråka er valt som maskot i Naturoppdraget fordi denne smarte fuglen finst over heile Noreg, og er kjent for dei fleste barnehageborn. Kåre Kråke er allereie blitt ein kjendis hos barnehagane som har vore med til no.

Kåre Kråke med forstørrelsesglass

Korleis kan du bli med på Naturoppdraget?

Naturoppdraget er bygd opp av ei rekkje tema der du kan utforske nærnaturen, og dei neste åra vert det endå fleire.

Kvart tema har eitt hovudoppdrag og fire deloppdrag. De vel sjølve kva materiale de vil bruke, og i kva rekkefølgje.

Alle aktivitetane som ligg på nettsida, kan de fritt laste ned og bruke i barnehagen. Dersom barnehagen din har lyst til å levere inn rapport til Kåre Kråke og få hyggjelege meldingar og gode tips tilbake, klikkar du på «mi side» og opprettar barnehagegruppa di. Då får du full oversikt over alle tema og oppdrag, og du kan sjå kva som er levert inn og kva som står att. Med jamne mellomrom får du òg påminningar og oppfølging på e-post frå Kåre Kråke.

De kan byrje med oppdraga med ein gong barnehagen startar i august.

Det er sjølvsagt gratis å delta.

Uttrekte premiar og diplom

Kvart barnehageår i perioden 2024-2027 har vi ein konkurranse. Alle barnehagar som leverer inn minst fem hovudoppgåver i løpet av barnehageåret, er med i trekninga av 10 gåvekort à kr. 1000,- på Natur- og Fritid. Ved gjennomføring av fem hovudoppdrag får ein òg høve til å laste ned eit diplom frå Kåre Kråke.

Eg vil melde på barnehagen min til Naturoppdraget

Kåre Kråke med diplom
Kåre Kråke med forstørrelsesglass

Kven står bak Naturoppdraget?

Det er Besøkssenter i Noreg og Naturfagsenteret som står bak Naturoppdraget.

Besøkssenter i Noreg får årleg finansiering over statsbudsjettet for å formidle kunnskap om natur- og kulturmiljø. I skrivande stund finst det 41 slike senter spreidde over heile landet.

Naturfagsenteret er eit nasjonalt senter for naturfag i opplæringa. Dei har mellom anna ansvar for ressurssida forskerfrø.no,som er retta mot barnehagar.

Besøkssenter i Noreg og Naturfagsenteret fekk i 2023 støtte av Sparebankstiftelsen DNB til å vidareutvikle konseptet og tilby Naturoppdraget til alle barnehagane i Noreg i perioden 2024-2027.

Miljødirektoratet støtta prosjektet økonomisk i pilotfasen, og dei stiller seg framleis bak prosjektet.

Det er Besøkssenter våtmark Ilene som er prosjekteigar, men materiell er utvikla i samarbeid mellom fleire Besøkssenter i Noreg og Naturfagsenteret. Prosjektet «Våtmarksløftet» har bidrege med fagkompetanse inn i temaet om våtmark.

Lurer du på noko knytt til Naturoppdraget?

Kontakt oss gjerne!

Om illustrasjonar og opphavsrett

Bjørn Henrik Stavdahl Johansen er illustratør i Naturoppdraget frå Naturveilederen. Han har opphavsrett til illustrasjonane. Prosjektet har bruksrett til alle illustrasjonane og alt anna grafisk materiale som vert utvikla i Naturoppdraget.

Det er førebels berre barnehagar som kan melde seg på Naturoppdraget, men aktivitetane kan brukast fritt av privatpersonar og foreiningar, men likevel ikkje til kommersielle føremål. Materialet kan heller ikkje manipulerast og nyttast i andre samanhengar enn Naturoppdraget.

Ta kontakt med styringsgruppa dersom du er i tvil om illustrasjonane eller materialet kan nyttast i andre samanhengar.

Kåre Kråke med forstørrelsesglass

Styringsgruppa

Det er sett saman ei styringsgruppe for prosjektet. Styringsgruppa utviklar Naturoppdraget og hentar inn kompetanse frå dei ulike besøkssentra i Noreg, frå Naturfagsenteret og frå eksterne leverandørar.

Dersom du har innspel eller idear, må du gjerne ta kontakt med oss på post@naturoppdraget.no

ProsjektleiarBirgit Brosø, Besøkssenter våtmark Ilene
ProsjektmedarbeidarVictoria Gonzalez, Besøkssenter nasjonalpark Øvre Pasvik
Prosjektkoordinator (Kåre Kråke)Runa Gulliksen, Besøkssenter nasjonalpark Øvre Pasvik
ProsjektmedarbeidarGuri Langholm, Naturfagsenteret
ProsjektmedarbeidarIngrid Eikeland, Naturfagsenteret

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: