Naturoppdraget og rammeplanen for barnehagen
Naturoppdraget er bygd opp på ein slik måte at det skal stimulere til leik, læring, kreativitet, skapande verksemd, rørsleglede, utforskartrong, nysgjerrigheit og undring i naturen. Alle oppdraga har difor faste deloppdrag; vi undrar, vi leikar, vi lagar og vi forskar.
Gjennom dei ulike oppdraga får borna høve til å bruke nærmiljøet til å undre seg, undersøke, oppdage og forstå samanhengar i naturen. Borna får bruke heile kroppen og alle sansar i Naturoppdraget. Berekraftig utvikling er ein viktig verdi for Naturoppdraget og ligg til grunn for aktivitetane.
Naturoppdraget har ei heilskapleg og tverrfagleg tilnærming, og er eit godt utgangspunkt for å dekke fleire av områda i ‘rammeplan for barnehagen’. Under fagområda vert særleg følgjande område dekt; ‘Natur, miljø og teknologi’,’Kunst, kultur og kreativitet’,’Kommunikasjon, språk og tekst’,og ‘Kropp, rørsle, mat og helse’.
Vidare legg Naturoppdraget opp til å bruke variertearbeidsmåtar. På tur med Naturoppdraget kan de veksle mellom spontane og planlagte aktivitetar. I ‘Rammeplan for barnehagen’ står det at arbeidsmåtane skal ivareta borna sine behov for omsorg og leik, fremje læring og danning, og gje born høve til medverknad (s. 43). Arbeidsmåtane skal òg tilpassast til einskildborn, bornegruppa og lokalmiljøet. Deloppdraga ‘Vi forskar’ er til dømes i større grad tilpassa dei eldre borna. Oppdraga har òg fleire framlegg til variasjon i aktivitetane, og her kan borna kome med sine framlegg og innspel.
I Naturoppdraget foreslår vi fellesskapande aktivitetar som vert gjennomførte i gruppe. På den måten kan alle få leike eller på andre måtar vere i samspel med andre. Kvart tema har eit ‘Samtalekort’ knytt til seg. Dette kan brukast i samtalar i mindre grupper og gir høve til å «støtte borna i å sjå andre sine perspektiv, sjå ei sak frå fleire synsvinklar, og reflektere over eigne og andre sine kjensler, opplevingar og meiningar» (Rammeplan for barnehagen, s. 23). Ideen om samtalekort er utvikla av professor Veslemøy Rydland ved IPED UiO og vert nytte i Språksterkprosjektet.