naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurer på om de kan finne ei våtmark i nærområdet dykkar?

Våtmark er område i naturen der vatn møter land. Det kan til dømes vere ein dam, innsjø, myr, fjøre (strand, ned til 6 meter), elv og bekk. I våtmarka er det vått stort sett heile tida, så det kan vere lurt å bruke støvlar eller vasstette sko når de går der.

Tips til dei vaksne:
Gå til næraste våtmark. Snakk med borna om kvifor dette området kan kallast ei våtmark. Kvar er vatnet? Kvar er landet? Er det saltvatn eller ferskvatn? Kan de finne nokre planter og dyr som lever der? Ta gjerne ein kik på våtmarksatlaset for å få tips til kva som kjenneteiknar ei våtmark. Ei fontene er til dømes ikkje ei våtmark.
Bærekrafthjerte
Det er viktig å ta vare på våtmarkene våre. Mange planter og dyr trivst her. Ver difor snill med våtmarka og dei som bur der. Det kan vere fint å halde litt avstand til dyra som lever der, då skremmer vi dei ikkje. Trå varsamt og følg gjerne stien.

Fleire oppdrag om Våtmark

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: