De treng:
- Observasjonsarket (sjå vedlegg)
- Blyantar og fargestiftar
- Utstyr de eventuelt har tilgjengeleg
Slik gjer de:
Gå ein tur til ei våtmark i nærleiken. Sjå etter fuglar, småkryp og planter på og i vatnet, i vasskanten og på land. Bruk observasjonsarket til å skrive ned kor mange ulike fuglar, småkryp og planter de finn. Bruk teljestrekar eller skriv talet i teljeruta. Lag teikningar av det de finn i teikneruta.
Tips til dei vaksne:
Dersom de har det, ta gjerne med utstyr som de har tilgang til. Det kan til dømes vere forstørrelsesglas, hov, kikkert, lupeboks og isboks, syltetøyglas eller liknande slik at de kan ta vare på det de finn. I tillegg til bestemmelsesnøkkelen og bøker om ulike planter og dyr, med bilete. De kan anten telje kvart dyr og kvar plante de finn, eller de kan telje kor mange ulike dyr og planter de finn.






















