naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurer på om de kan finne to typar mosar og to typar lav? 

Mosar er små, mjuke planter som veks som eit grønt teppe på bakken, steinar og tre. Den har korkje blomar eller røter, men syg opp vatn direkte frå lufta.

Lav er ein slags sopp som lev saman med ein alge. Ein alge er bitte liten og grøn. Soppen og algen hjelper kvarandre og er nesten som bestevener. Algen lagar mat og soppen skaffar vatn. Saman klarar dei å vekse og trivast og gje kvarandre det dei treng.

Tips: Gå ein tur og finn ein stad der det veks mosar og lav. Du finn dei stort sett over alt, til dømes på uteområdet i barnehagen? Kan de sjå forskjell på mosane og lava? Finn de både skorpelav og busklav? Kva med til dømes bjørnemose og torvmose? Bruk Mose- og lavatlaset for å prøve å finne ut kva mosar og lav de har funne.
Bærekrafthjerte
Lav veks veldig sakte, plukk difor berre lav som har falle ned eller som ikkje sit fast på steinar eller kvistar. Berre ta bitte litt mose slik at de ikkje øydelegg "moseteppet".

Fleire oppdrag om Mosar og lav

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: