Pattedyr er dyr som har hår eller pels på kroppen, pustar med lungene og gir mjølk til ungane sine. Om det er vanskeleg å finne dyr, kan de også leite etter spor etter pattedyr.
Tips til dei vaksne:
Ein skog eller ein park er fine stadar å finne pattedyr eller spor etter dei. Bruk gjerne "Sporhefte" eller "Sporteikn - bæsj og etespor” som hjelp dersom de lurar på kven spora tilhøyrer. Ikkje gløym at for eksempel hundar, kattar og menneske òg er pattedyr.























