Gå ein tur i nærområdet og finn tre. Kanskje ligg barnehagen nær ein skog, ein park, eller de har tre på uteområdet? Er det bartre eller lauvtre de har funne? Hugs å skrive ned kva tre de finn og ta bilete som de kan levere inn.

Tre

Kåre Kråke lurer på om de kan finne tre ulike tre?

Gamle og rotnande tre er viktige bustadar for småkryp, sopp, mose og lav. Difor er det viktig at dei får liggje i fred. Kanskje de kan finne ein stubbe, ei grein, eller eit daudt tre? Er det noko som lever på det daude treet?
Fleire oppdrag om Tre
Lær meir om naturen vår:
Tema
Følg oss på Instagram du òg




















