Kåre Kråke lurer på om de har lyst å leike ekorn?
Ekornet er eit lite, sprettent dyr med ein lang, duskete hale. Om vinteren får det òg duskar på øyra. Det bur oppe i trea i skogen og et konglar, nøtter, bark, kvistar og blad.
Slik er leiken:
De har blitt til ekorn, og vinteren nærmar seg. Kor mykje mat klarer de å samle for å kome dykk gjennom vinteren? Gå til eit nærområde der det finst tre, del dykk i grupper eller jobb kvar for dykk, avhengig av kor mange barn som er med. No gjeld det å hente mest mogleg mat.
Tips til dei vaksne:
Maten finst ute som laust materiale i naturen (konglar, kvistar og blad). De kan òg teikne og klippe ut mat som blir lagt ut før barna (ekorna) samlar det inn. Ta gjerne med det lause materialet heim frå turen, slik at leiken kan halde fram i barnehagen.






















