Kåre Kråke lurer på om de har lyst til å leike pattedyr?
Bruk maskene frå deloppdrag Vi lagar, og leik korleis det er å vere eit pattedyr. Pattedyr finst mange stadar i naturen, og dei har ulike måtar å bevege seg på, finne mat og ta vare på ungane sine.
De treng:
o Pattedyrmaskene barna har laga i deloppdrag Vi lagar
o Plass til å bevege seg
Slik er leiken:
1. Bli eit pattedyr: Barna tar på seg maskene og blir til pattedyret sitt.
2. Beveg deg som eit pattedyr: Barna prøver å gå, løpe eller snike seg rundt slik dei trur pattedyret deira gjer.
3. Pattedyr møter pattedyr: Når barna møter kvarandre, helsar eller reagerer dei slik dei trur pattedyret sitt gjer. Kanskje nokre pattedyr jaktar på kvarandre? Kanskje dei samarbeider? Kanskje nokre likar å gøyme seg?
Andre enkle oppdrag som pattedyra kan gjere: Finne mat, finne ein trygg stad å bu, ta vare på ungane sine, beskytte seg mot kulde eller varme.






















