Kåre Kråke lurer på om de har lyst til å leike reinsdyr og lemen?
Om vinteren er det veldig kaldt og snøen ligg ofte på bakken. Då er det vanskeleg for dyra å finne mat. Dei må leite under snøen. Reinsdyr et lav og lemen et mose. Reinsdyra bruker nasen sin til å snuse seg fram til lav under snøen og bruker klauvene sine som spade til å grave seg ned til laven. Lemen grev tunellar under snøen og finn mosar på den måten.
De skal nå vera reinsdyr og lemen på jakt etter mosar og lav om vinteren.
De treng:
Papirbetar eller anna materiell som kan førestille grøn mose og lys lav.
Noko til å samle maten i, t.d. små kurvar, isboksar eller å berre bruke hendene
Slik er leiken:
Borna vel kva dyr dei vil vera, reinsdyr eller lemen. Sprei maten. Dei vaksne gøymer "lav" og "mose" rundt i rommet eller på bakken ute. Reinsdyr og lemen et. Borna let som at dei leiter etter mat ved å snuse, grave etter og til slutt plukke maten. Lemen plukker mosar og reinsdyr plukker lav.






















