Dette er ein leik der eit dyr fortel litt om seg sjølv, og de skal prøve å gjette kva dyr det er. Når de har gjetta dyret, kan de prøve å etterlikne det. De treng god plass. De kan leike leiken ute eller i eit stort rom.
Slik er leiken:
Skriv ut arket med dyregåtene. Den vaksne les opp gåta som høyrer til eit bestemt dyr. Så skal borna prøve å gjette kva for dyr det er. Dersom det er vanskeleg å gjette dyret, kan den vaksne gje nokre hint. Kanskje har de møtt nokre av desse dyra på tur med barnehagen? Når borna har funne ut kva dyr det er, kan den vaksne vise fram biletet av dyret. Vi følgjer opp kvar gåte med ein aktivitet der borna kan prøve å etterlikne dyra.
Tips til dei vaksne:
Dyra på bileta er ganske vanlege og finst over store dalar av landet. På nokre av bileta står det òg artsspesifikke namn (til dømes buttsnutefrosk og strandkrabbe). Her kan de gjerne samtale med borna om kva som kan vere årsaka til at dyra heiter det dei heiter.






















