Vi forskar

Vi forskar

naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurer på om de har lyst til å forske litt på livet i våtmarka?

De treng:
  • Observasjonsarket (sjå vedlegg)
  • Blyantar og fargestiftar
  • Utstyr de eventuelt har tilgjengeleg

Slik gjer de:
Gå ein tur til ei våtmark i nærleiken. Sjå etter fuglar, småkryp og planter på og i vatnet, i vasskanten og på land. Bruk observasjonsarket til å skrive ned kor mange ulike fuglar, småkryp og planter de finn. Bruk teljestrekar eller skriv talet i teljeruta. Lag teikningar av det de finn i teikneruta.

Tips til dei vaksne:
Dersom de har det, ta gjerne med utstyr som de har tilgang til. Det kan til dømes vere forstørrelsesglas, hov, kikkert, lupeboks og isboks, syltetøyglas eller liknande slik at de kan ta vare på det de finn. I tillegg til bestemmelsesnøkkelen og bøker om ulike planter og dyr, med bilete. De kan anten telje kvart dyr og kvar plante de finn, eller de kan telje kor mange ulike dyr og planter de finn.
De vel sjølve om det einskilde barnet får eit observasjonsark, om dei går saman, eller om den vaksne fyller ut arket. Dersom det vert vanskeleg å teikne ute, kan de òg ta bilete av det de finn, og teikne etter bileta når de kjem tilbake til barnehagen.

Noko å snakke om: Korleis lever fuglane og småkrypa?Bur dei i våtmarka, eller er dei berre på besøk? Kva et dei? Kan dei flyge? Kan dei symje? Kan dei dykke? Lagar dei lydar? Finst det spor etter dei?

Fleire oppdrag om Våtmark

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: