Vi undrar

Vi undrar

naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurer på kvifor våtmark er viktig for planter, dyr og menneske?

Skriv ut eitt eller fleire samtalekort og bruk bileta til å samtale med borna om kva som er viktig med våtmark. Samtal med borna i små grupper på 4-6 born. Du kan anten vise berre det kortet som liknar mest på den våtmarka de har besøkt, eller sjå på alle fire.

Tips til dei vaksne:
Våtmarkene er viktige fordi det er så utruleg mange dyr og planter som lever her (eit stort biologisk mangfald). Våtmarkene er m.a. rasteplassar for trekkfuglar. Her får fuglane kvile, og dei finn mat og vatn. Våtmarkene er òg viktige for oss menneske fordi dei gjev oss reint vatn og hindrar flaum (særleg myra). I tillegg vert dei brukte til bading, til å gå på skeiser, fiske og til å plukke bær. I tillegg er dei fine å sjå på. Generelt er det viktig at det finst mange ulike dyr og planter fordi vi er heilt avhengige av kvarandre.

Fleire oppdrag om Våtmark

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: