Historia til dei prikka steinaneDei prikka steinane har ein gong vore smelta stein - lava. Lavaen er kjempevarm og flytande. Når han vert kjølt ned, størknar han og vert til stein. Det kan finnast lava laaaaangt nede i jordskorpa. Dersom det tek lang tid før lavaen størknar, veks det fram krystallar i steinen, og dei kan sjå ut som prikkar. Dersom det tek lang tid før steinen størknar, vert det store prikkar. Stein som størknar fort, har VELDIG små prikkar som vi ikkje kan sjå.
Historia til dei stripa steinane
Dei stripa steinane har vore på ei lang reise. Dei kan ha starta som ein prikkete stein som har blitt pressa langt ned i jordskorpa over tusenvis av år. Nede i jordskorpa er det så varmt og så høgt trykk at steinen har blitt pressa saman. Då vert prikkane skvisa utover til striper. (Korleis forklare trykk til borna: Når det ligg fire born oppå ein vaksen, er det ganske høgt trykk på den vaksne).
Historia til lag-på-lag steinane
Det er ikkje alltid så lett å sjå at ein lag-på-lag stein faktisk er ein lag-på-lag stein. Kanskje du ser laga i fjella ute i naturen der du har funne steinen? Lag-på-lag steinar er sand og grus som har samla seg opp på havbotnen. Det er elva som fraktar grus og stein ned til havet. Ho legg frå seg lag på lag med slik masse over svært lang tid. Då blir dei nedste laga så hardt pressa saman at dei blir til stein. Dersom det har vore daude dyr eller planter inne mellom grusen, blir dei ein del av steinen. Dette kallar vi fossilar. Fossilar finst berre i lag-på-lag stein.