Vi leikar

Vi leikar

naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurer på om de har lyst til å leike "Alle mine fuglar, kom heim og et"?

Dette er ein gammal regelleik som gir rørsle. De treng god plass, og leiken kan gjerast ute eller i ein gymsal.

Slik er leiken:
Vel ut ein person som er rev (ein vaksen?) og ein som er fuglemor. Lag to liner med ein avstand på til dømes 20 meter. Borna stiller seg på den eine lina, medan fuglemor stiller seg på den andre lina. Reven stiller seg midt mellom linene, med ryggen mot borna. Så ropar de slik: Fuglemor: "Alle mine fuglar, kom heim og et!" Fugleborna: "Vi vågar ikkje!" Fuglemor: Kvifor?" Alle fugleborna: "Reven et oss!". Fuglemor: "Kom likevel!" Alle borna spring, og reven prøver å fange dei. Dei som blir fanga, blir til revar. Slik held leiken fram til alle er tatt.

Variasjonar i aktiviteten:
Fuglemor kan til dømes rope over dei som har raude klede på seg (raudstruper/dompapar), berre dei som har gult på seg (blåmeiser/kjøtmeiser), svart (kråker, svarttrast), kvitt (måsar), osb. 

Fleire oppdrag om Fuglar

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: