Ein søledam blir brått borte frå bakken. Kvar har vatnet blitt av?
Skriv ut samtalekortet og bruk biletet til å samtale med borna om kvar det blir av søledammen. Samtal med borna i små grupper på 4-6 born.
Tips til dei vaksne:
Dersom borna kjem fram til ulike teoriar, kan de gjere nokre enkle forsøk for å sjekke om teoriane stemmer. Forsvinn det vatn frå eit glas frå ein dag til den neste til dømes? Set ein strek for kor høgt opp i glaset vatnet står før de går for dagen.






















