Slik er leiken:
Finn fram bøtter eller baljar og fyll dei med vatn. Prøv å ha ting oppi vatnet, som til dømes ei potet, eit egg, eit eple, isbitar eller snø. Legg merke til kva som flyt og kva som søkk. Kva fann de ut? Kvifor trur de at somme ting flyt og somme søkk? De kan òg prøve å få ting som ikkje flyt til å flyte ved hjelp av andre ting.
Tips til dei vaksne:
Bruk gjerne omgrep som "flyte", "søkke", "over", "under", "våt", "tørr". I "Flyte og søkke - Læringspakken" finn de tips om kva de kan samtale med borna om.






















