Vi forskar

Vi forskar

naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurar på om de har lyst å forske på vêret over tid?

Ved å måle nedbør, temperatur og vindretning kan de observere vêret over tid. Kvar kjem vinden frå, og kor mykje snø eller regn har det kome sidan i går? Kan de spå vêret for i morgon ved å sjå på ulike vêrteikn? 

De treng:
  • Vindmålar (sjå oppskrift)
  • Nedbørsmålar (sjå oppskrift)
  • Temperaturmålar
  • Skyatlas
  • Vêrsymbol
  • Observasjonsskjema 
Slik gjer de:
1. Skriv ut observasjonsskjema, skyatlas og vêrsymbol.
2. Lag ein vêrstasjon i barnehagen med temperatur-, vind- og nedbørsmålar.
3. Les av målingane på omtrent same tid kvar dag.
4. Observer skyene og finn riktig vêrsymbol for dagen.
5. Registrer målingane i observasjonsskjemaet eller lag eit eiget skjema på ei tavle eller ein plakat.

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: