Kåre Kråke lurar på om de har lyst å forske på vêret over tid?
Ved å måle nedbør, temperatur og vindretning kan de observere vêret over tid. Kvar kjem vinden frå, og kor mykje snø eller regn har det kome sidan i går? Kan de spå vêret for i morgon ved å sjå på ulike vêrteikn?
De treng:
- Vindmålar (sjå oppskrift)
- Nedbørsmålar (sjå oppskrift)
- Temperaturmålar
- Skyatlas
- Vêrsymbol
- Observasjonsskjema
Slik gjer de:
1. Skriv ut observasjonsskjema, skyatlas og vêrsymbol.
2. Lag ein vêrstasjon i barnehagen med temperatur-, vind- og nedbørsmålar.
3. Les av målingane på omtrent same tid kvar dag.
4. Observer skyene og finn riktig vêrsymbol for dagen.
5. Registrer målingane i observasjonsskjemaet eller lag eit eiget skjema på ei tavle eller ein plakat.






















