De treng:
- Små glas, blomepotter utan hol, mjølkekartongar eller liknande som fallfeller
- Spade
- Boksar
- Skriv ut ressursane frå Hovudoppdrag "Småkryp" for å artsbestemme småkrypa.
Slik gjer de:
1. Grav eit hol i bakken, og set fellene nedi holet slik at kanten er på nivå med bakken. Set gjerne fellene ut på ulike stadar, til dømes i ein grøftekant, under buskas, ved gamalt lauv og kvistar, eller liknande stader.
2. Lat fellene stå ute over natta. Neste morgon kan de sjekke kva de har fanga.
3. Legg småkrypa frå fellene i ein boks.
4. Bruk ressursane frå Hovudoppdrag Småkryp for å artsbestemme kva de har funne.
5. Kan de lage ein liten rapport over det de fann?
6. Slepp ut småkrypa så fort de er ferdige.






















