Haren hoppar ved å setje bakføtene framfor framføtene, før han hoppar vidare. Dermed vil bakføtene til haren alltid vere fyrst i sporet.
Slik er leiken:
De er harar som skal hoppe rundt for å finne mat i naturen. Bruk ei sandkasse der spora dykkar blir synlege. For å få bakføtene framom framføtene (hendene), må de sitje på huk og hoppe framover. Sjå på spora etterpå.
Tips til dei vaksne:
Visste du at haren kan hoppe heile 6 meter langt. Mål gjerne opp 6 meter for å illustrere for borna kor langt det er.






















