Bæsjen til dyra er veldig ulik frå art til art. Elgbæsjen liknar til dømes ikkje på revebæsjen. De kan òg sjå på ulike etespor kva dyr som har vore der.
Du treng:
Skriv ut vedlegget "Bæsj og etespor - Klippeark", og klipp opp bileta av bæsj, etespor og dyr.
Slik gjer du:
Prøv å finne ut kva dyr som har bæsja kva for ein bæsj. Kva trur de dyret har ete? Kvifor trur de bæsjane er så ulike? Kven er det som har ete på konglene?
Tips til dei vaksne:
I mange, mange tusen år har ville dyr og fuglar tilpassa seg til ulike levesett gjennom evolusjon. Nokre dyr et berre planter, medan andre berre et kjøt. Då blir bæsjen ulik.






















