Stein har ein gong vore flytande, glødande lava. Lava er noko som kjem ut av vulkanar. Ved vulkanutbrot vert lava spytta ut frå toppen av vulkanen. Lavaen er svært varm.
Slik er leiken:
Det har vore vulkanutbrot, og lavaen kjem rennande nedover fjellsida. Då gjeld det å kome seg unna raskast mogleg, for elles brenn du deg. Når ein vaksen ropar "bakken er lava", må du kome deg opp frå bakken.
Tips til dei vaksne:
Leiken kan òg gjerast innandørs der golvet er lava, og alt anna er trygge område. Legg puter, pledd og andre gjenstandar utover golvet.






















