Noreg har mange fjell, og dei er veeeeldig gamle. Korleis trur de fjella vert til?
Skriv ut samtalekortet og bruk biletet til å samtale med borna om korleis fjell vert til. Samtal med borna i små grupper på 4-6 born.
Tips til dei vaksne:
Overflata på jorda består av fleire plater som rører på seg. Når to av desse platene vert pressa mot kvarandre, vert det danna fjellkjeder. Det kan òg bli danna fjell når det kjem lava opp frå jorda.






















