Fuglar kan trenge mat om vinteren. Heng maten de lagar utanfor barnehagen sitt område. Borna bør ikkje ete av den snøen som er under fuglematen. Fuglebæsj kan ha med seg alvorleg smitte.

Vi lagar

Kåre Kråke lurer på om de har lyst til å lage fuglemat som kan hengast opp ute?
Rosinhjarte
1. Klipp opp tynn ståltråd (ca. 25 cm).
2. Tre på rosiner og form eit hjarte.
3. Bind ei løkke av hyssing øvst.
Rosinene kan gjerne bytast ut med rognebær, gamle brødbitar, eller noko anna godt.

Kongler med peanøttsmør og solsikkefrø
Finn nokre tørre kongler. NB! Kjøp inn peanøttsmør utan salt (finst på større daglegvare- og helsekostbutikkar). Fuglane toler ikkje salt.
1. Fest ein hyssing på toppen av kongla.
2. Smør kongla med peanøttsmør.
3. Rull ho i solsikkefrø.
4. Oppbevar ho gjerne i eit kaffifilter eller i ei eske til ho vert hengt ut. Då vert det ikkje så mykje søl.

Fleire oppdrag om Fuglar
Lær meir om naturen vår:
Tema
Følg oss på Instagram du òg




















