De treng:
- Skriv ut fugleobservasjonsarket som ligg som vedlegg.
- Blyantar og gjerne fargestiftar.
- Fuglebøker eller fugleatlas med bilete.
Slik gjer de:
På fugleobservasjonsarket finn de bilete av vanlege fuglar som finst i heile Noreg. Kryss av fuglane de ser medan de er på ein eller fleire turar. Dersom de ser fuglar som ikkje er avbileta, kan de prøve å teikne dei inn i dei opne felta. Det er fint å ha med fuglebøker eller fugleatlas på tur.
Tips til dei vaksne:
Samtal gjerne med borna om fuglane de har sett på tur. Er fuglane store eller små? Kvar lever fuglane de har funne? I ein dam, i skogen, ved sjøen, i byen? Kva slags nebb har fuglane? Kva et dei? Et dei insekt? Nøtter? Eller brødskiver med leverpostei? Har de funne ulike artar av svaner, gjess, måsar, ender, rovfuglar eller hønsefuglar?






















