Samle inn mosar, lav og andre små vekstar til å lage eit lite bilete.


Kåre Kråke lurer på om de vil lage eit bilete av planter?
De treng:
1. Ein liten bit med papp
2. Dobbeltsidig teip eller limstift
3. Eit grøntområde der de kan forsyne dykk forsiktig av ulike vekster

Slik gjer de:
Kvart barn får ein bit papp med dobbeltsidig teip eller lim frå limstift. På limsida kan borna feste mosar, lav og andre små vekstar med forskjellige fargar.
Tips til dei vaksne:
Det går òg an å samle inn materiala og tørke dei under press før de limer dei til arket. Dette deloppdraget kan gjerne kombinerast med deloppdraget "Vi forskar".
Det går òg an å samle inn materiala og tørke dei under press før de limer dei til arket. Dette deloppdraget kan gjerne kombinerast med deloppdraget "Vi forskar".
Fleire oppdrag om Mosar og lav
Lær meir om naturen vår:
Tema
Følg oss på Instagram du òg




















