Vi forskar

Vi forskar

naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurer på om de har lyst til å forske på fuglar?

De treng:
  • Skriv ut fugleobservasjonsarket som ligg som vedlegg.
  • Blyantar og gjerne fargestiftar.
  • Fuglebøker eller fugleatlas med bilete.
Slik gjer de:
På fugleobservasjonsarket finn de bilete av vanlege fuglar som finst i heile Noreg. Kryss av fuglane de ser medan de er på ein eller fleire turar. Dersom de ser fuglar som ikkje er avbileta, kan de prøve å teikne dei inn i dei opne felta. Det er fint å ha med fuglebøker eller fugleatlas på tur.

Tips til dei vaksne:
Samtal gjerne med borna om fuglane de har sett på tur. Er fuglane store eller små? Kvar lever fuglane de har funne? I ein dam, i skogen, ved sjøen, i byen? Kva slags nebb har fuglane? Kva et dei? Et dei insekt? Nøtter? Eller brødskiver med leverpostei? Har de funne ulike artar av svaner, gjess, måsar, ender, rovfuglar eller hønsefuglar?

Fleire oppdrag om Fuglar

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: