Vi lagar

Vi lagar

naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurar på om de har lyst til å lage ein drake?

De treng:
  • Plastpose
  • Tape
  • Fire sugerøyr
  • Saks
  • Hyssing
Slik gjer de:
1. Skriv ut klippemalen og klipp vekk dei skraverte områda.
2. Legg den venstre sida av malen langs bretten på plastposen slik at draken brettast ut når han er klipt ut.
3. Klipp av enden på to sugerøyr og klipp eit snitt i enden av dei to røyra. Stikk dei inn i to nye røyr.
4. Tape fast sugerøyra på dei lengste sidene av draken.
5. Tape ein snor som er dobbelt så lang som breidda av draken, i flikene på sida.
6. Lag ei lykkje i midten av snora og fest ei lang snor i lykkja.
7. Klipp ut tre plastremser og monter dei som hale på draken.

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: