Vi leikar

Vi leikar

naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurer på om de har lyst til å leike tusenbein?

Slik er leiken:
Sjå på biletet av ein tusenbein, til dømes på bestemmelsesnøkkelen om leddyr (sjå lenkje i hovudoppdraget). For å bli ein tusenbein, treng de å vere mange born, slik at det blir mange bein. de bestemmer kva born som skal vere fremste delen og vere hovudet til tusenbeinet. det fyrste barnet går på alle fire. Barnet treng noko som kan vere følehorn, til dømes ein hårbøyle med piperensarar. Dei andre borna festar seg til det fyrste barnet ved å gå ned på alle fire og halde på ryggen til barnet foran. Dersom de har eit teppe, kan de leggje det over borna, slik at det blir eit samanhengande dyr. Borna byter på å vere den fremste delen av dyret. Borna treng hjelp for å gå i takt. Ta bilete av dyret dykkar.

Variasjonar i aktiviteten:
Kva gjer ein tusenbein når han møter fare? Jo, han krøllar seg saman. Kan dykkar tusenbein gjere det same?

De kan leike andre småkryp, til dømes ein skolopender. Dette er ganske vanskeleg, og kanskje morosamt, for beina peikar meir ut frå kroppen og skolopenderane pilar fort rundt. Det er også kjekt å leike humler og sommarfuglar som flyg frå blome til blome og får festa pollen på kroppen.

Fleire oppdrag om Småkryp

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: