Vi lagar

Vi lagar

naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurar på om de har lyst å lage ansiktsmasker som førestiller pattedyr? 
Forslag til dyr barna kan lage: Mus, hund, katt, elg, gris, rev eller bjørn.

De treng:
  • Papptallerken eller papp
  • Saks og lim
  • Tusjar, måling eller fargeblyantar
  • Garn, papir eller naturmateriale (til pels, øyre, vêrhår)
  • Strikk eller pinne til å halde maska
naturoppdrag bilde
Slik gjer de:
  • Snakk kort om pattedyr: Pattedyr har pels eller hår, dei føder ungar, og gir mjølk til dei.
  • La barna velje kva for pattedyr dei vil lage maske av.
  • Klipp hol til auge.
  • Barna teiknar, målar og limer på øyre, pels og snute.
  • Fest strikk eller pinne, og prøv maskene på.
naturoppdrag bilde
Bildene viser revemaske (med eller utan nase laga av eggekartong), bjørneøyre (klipp ut så det blir ein bøyel som passar hovudet), elggevir og enkel grisenase laga av muffinsform.

Fleire oppdrag om Pattedyr

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: