naturoppdrag bilde
Kåre Kråke lurer på om de har lyst til å leike pattedyr? 

Bruk maskene frå deloppdrag Vi lagar, og leik korleis det er å vere eit pattedyr. Pattedyr finst mange stadar i naturen, og dei har ulike måtar å bevege seg på, finne mat og ta vare på ungane sine. 

De treng:
o Pattedyrmaskene barna har laga i deloppdrag Vi lagar
o Plass til å bevege seg

Slik er leiken:
1. Bli eit pattedyr: Barna tar på seg maskene og blir til pattedyret sitt. 
2. Beveg deg som eit pattedyr: Barna prøver å gå, løpe eller snike seg rundt slik dei trur pattedyret deira gjer. 
3. Pattedyr møter pattedyr: Når barna møter kvarandre, helsar eller reagerer dei slik dei trur pattedyret sitt gjer. Kanskje nokre pattedyr jaktar på kvarandre? Kanskje dei samarbeider? Kanskje nokre likar å gøyme seg? 

Andre enkle oppdrag som pattedyra kan gjere: Finne mat, finne ein trygg stad å bu, ta vare på ungane sine, beskytte seg mot kulde eller varme.

Tips til dei vaksne:
Dersom de ikkje har laga masker, kan de bruke kostyme eller ansiktsmåling viss de har dette i barnehagen. De kan også leike leiken utan å kle dykk ut.

Fleire oppdrag om Pattedyr

Vi står bak Naturoppdraget

Besøkssenter i Norge logo
Miljødirektoratet logo
Naturfagsenteret logo

Følg oss på Instagram du òg

Sjå kva andre har gjort i Naturoppdraget: